Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

Farar: Skredterreng i austsida under toppen.

Vegval: Ta ferja Volda–Lauvstad og følg veg 40 i 1,5 kilometer langs vestsida av Dalsfjorden. Ta av til høgre ved raud løe og følg Åsevegen opp bakkane til du ser ein parkeringsplass på venstre side. Følg no setrevegen eit lite stykke før du tek av til venstre gjennom ein liten granskog, opp på brei rygg. Følg ryggen ein liten kilometer før du skråar sørover mot Koppen. Følg no anten austsida av fjellet til topps eller ta peiling på skaret mellom Bekarshornet og Snøhornet, og følg nordryggen derifrå til topps.

Nedkøyring: Følg anten den slakke vegen via skaret nedatt eller køyr brattare frå toppen og direkte ned mot Koppen, dersom snøforholda tillet det.