Ruta opp og ned frå Sætreåsen. Foto: Håvard Myklebust.
Ruta opp og ned frå Sætreåsen. Foto: Håvard Myklebust.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Snøhornet

Ved munninga av den smale og vakre Dalsfjorden reiser Snøhornet seg lik ein kvit pyramide og byr deg inn til ei flott nedkøyring i moderat terreng.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Dalsfjordfjella
    • Toppunkt: 1025
    • Høydemeter: 800
    • Kilometer: 3
    • Faremomenter: Skredterreng i austsida under toppen.
    • Startsted: Sætreåsen
    • Tid opp/ned: 3 timar
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Lengd: 3 km.

    Stigning: 800 meter. 

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Farar: Skredterreng i austsida under toppen.

    Vegval: Ta ferja Volda–Lauvstad og følg veg 40 i 1,5 kilometer langs vestsida av Dalsfjorden. Ta av til høgre ved raud løe og følg Åsevegen opp bakkane til du ser ein parkeringsplass på venstre side. Følg no setrevegen eit lite stykke før du tek av til venstre gjennom ein liten granskog, opp på brei rygg. Følg ryggen ein liten kilometer før du skråar sørover mot Koppen. Følg no anten austsida av fjellet til topps eller ta peiling på skaret mellom Bekarshornet og Snøhornet, og følg nordryggen derifrå til topps.

    Nedkøyring: Følg anten den slakke vegen via skaret nedatt eller køyr brattare frå toppen og direkte ned mot Koppen, dersom snøforholda tillet det.

    Stig Helset på veg opp ein alternativ veg langs ryggen. Voldsfjorden og Ørsta og Volda sentrum i bakgrunnen. Foto: Håvard Myklebust.
    Stig Helset på veg opp ein alternativ veg langs ryggen. Voldsfjorden og Ørsta og Volda sentrum i bakgrunnen. Foto: Håvard Myklebust.
    Pudderdans ned normalvegen. Foto: Håvard Myklebust.
    Pudderdans ned normalvegen. Foto: Håvard Myklebust.
    Allerede abonnent? Logg inn her

    Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.

    Fri Flyt skriver om heis- og toppturbaserte skiopplevelser som vil inspirere deg til egne turer. Vi gjør grundige tester som gjør at du velger riktigere utstyr. Vi møter skikjørere som lever for livet på snøen – slik som deg.

    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå