Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

Farar: Orienteringsvanskar i toppområdet ved skodde og snødrev. Store skavlar i toppområdet. På normalvegen er skredfaren liten, då det er få stader som har meir enn 30 graders hellingsvinkel. I dei alternative nedkøyringsrennene kjem hellingsvinkelen opp mot 45 grader, og der kan skredfaren naturlegvis vere veldig stor.

Vegval: Følg E39 frå Volda inn til Årsettunnelen i Austefjorden. Køyr ikkje gjennom denne, men ta av til høgre på gamlevegen og parker ved den nedlagte skulen. Ta no skia på sekken og følg stien/skogsvegen oppover lia i nydeleg, open furuskog mot Lisjesætra. Ta på skia når snøforholda tillet det, og gå vidare austover, forbi ein kolle, til Årsetsætra.  Sikk no vestover oppover den flotte sida til du nærmar deg sørryggen, før du går i lett terreng vidare opp mot toppen. 

Nedkøyring: Dersom du returnerer same vegen som du kom opp, får du super køyring i moderat, men nydeleg skiterreng heile vegen attende til Årsetsætra. Nedanfor denne møter du skogen, og snøforholda avgjer kor mykje køyring det blir herifrå. På skredtrygge dagar byr Snøhornet også på meir ekstreme nedkøyringar for den erfarne skiløparen. Frå hovudtoppen kan ein renne slakt nedover mot vesttoppen. Ta ut god avstand frå skaret i nord, då skavlen her kan vere temmeleg stor. Frå den lågare vesttoppen stuper to bratte renner nesten 1000 høgdemeter ned mot Ullalandsvatnet i Aldalen. Det er gjerne best å køyre desse linjene utpå ettermiddagen, etter at sola har fått arbeidd litt med snøen. Dersom du vel dette alternativet, må du ha skyss attende til bilen.