Turfølgje på veg opp mot toppryggen ein kald januardag. Foto: Håvard Myklebust.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Slogen

Slogen er kanskje det mest kjende fjellet i heile Sunnmørsalpane, både på grunn av den utruleg alpine karakteren til tinden og på grunn av ein lang klatrehistorikk.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Rånahalvøya (Hjørundfjorden)
    • Toppunkt: 1564
    • Høydemeter: 750
    • Kilometer: 3
    • Faremomenter: Skred- og utglidingsfare under nedkøyringa langs heile toppryggen og på snøflanken opp og ned.
    • Startsted: Patchellhytta
    • Tid opp/ned: 2-3 timar.
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Heilt attende til byrjinga av 1900-talet, innlosjerte engelske klatrarar på ærverdige Hotel Union på Øye og kleiv fleire nye ruter på fjellet. Dei seinare åra har Slogen også blitt stendig meir populært mellom skikøyrarar.

    Lengd: 3 km.

    Stigning: 750 meter. 

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. Ved hard snø vil ein trenge stegjarn og/eller isøks for å klatre dei siste 100-200 høgdemetrane til toppen.

    Farar: Skred- og utglidingsfare under nedkøyringa langs heile toppryggen og på snøflanken opp og ned. Her som andre stader er ryggen meir skredtrygg enn flanken. Ein bør også vere merksam på skavlar i toppområdet.

    Vegval: Gå frå hytta mot Steinreset og følg ryggen som fører opp mot Slogen. Følg ryggen heile vegen til toppen. Ryggen blir gradvis brattare, og snøforhold og ferdigheiter får avgjere kva tid du vil ta skia på sekken. Dersom snøen er hard, har ein bruk for stegjarn og/eller isøks den siste delen av ryggen.

    Nedkøyring: Ved gode snøforhold byr Slogen på fantastiske nedkøyringar heilt frå toppen. Hellingsvinkelen er om lag 45 grader i toppen og ned forbi dei brattaste hamrane. Det går ei særs bratt linje mot nord, medan normalvegen beint ned mot Steinreset og hytta er litt slakkare, særleg når ein kjem eit stykke ned. Slik er det mogleg å tilpasse starten på nedkøyringa etter snøtilhøva og ferdigheitene.

    Nydeleg utsyn frå toppen av Slogen høgt over Norangsfjorden. Foto: Håvard Myklebust.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå