Ruta frå Ringdalstøylen, via Lisje-Skruven til hovudtoppen og nedatt. Foto: Håvard Myklebust.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Skurven

Lang og fin skitur i for det mest slakt terreng som likevel leier deg opp på ein av dei høgre toppane i Sunnmørsalpane, med storslege utsyn mot Norangsfjorden og dei bratte tindane ikring.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Rånahalvøya (Hjørundfjorden)
    • Toppunkt: 1584
    • Høydemeter: 1100
    • Kilometer: 5
    • Faremomenter: Ver merksam på skredterreng i sida opp mot toppen. På toppryggen kan det danne seg store skavlar.
    • Startsted: Ringdalstøylen
    • Tid opp/ned: 4 timar.
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Sidan turen er lang sjølv frå Ringdalstøylen, er det best å ta turen seint på våren, etter at den 6 kilometer lange setrevegen er open heile vegen til endes.

    Lengd: 5 km frå Ringdalstøylen.

    Stigning: 1100 meter frå Ringdalstøylen.

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. 

    Farar: Ein kan leggje sporet slik at ein held seg under 30 grader det meste av vegen. Hald nok avstand frå den bratte sida av Tverrfjellet og ver merksam på skredterreng i sida opp mot toppen. På toppryggen kan det danne seg store skavlar. Hald derfor tilstrekkeleg avstand her, slik at du ikkje ramlar ned den bratte nordveggen.

    Vegval: Følg E39 frå Volda sentrum til du kjem ut av Kvivstunnelen. Ta her av mot Stranda og følg veg 60 til du ser Hellesylt nede til høgre. Ta no opp nokre svingar til Ringdal og vidare på setrevegen heile vegen inn Synnylvsmoldskreddalen til Ringdalstøylen. Frå støylen følgjer du anten Tverrdalen heile vegen nordover mot toppen eller så kan du ta opp på ryggen til venstre og leggje turen innom Lisje-Skruven (1548 moh.) før du går vidare til topps.

    Nedkøyring: Det mest vanlege er å følgje same veg ned som opp, noko som altså gir krusing i slakt og fint terreng. Ein kan godt karakterisere dette som ein god, gammaldags klassisk skitur. Trass dette er fjellet relativt sjeldan vitja med ski på beina.

    Akkurat denne kalde januardagen var det best å ta skia på sekken opp siste bakken til topps, men vanlegvis kan du gå med skia på beina heile vegen til toppen. Legg merke til den farlege skavlen. Foto: Håvard Myklebust.
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    6 mnd digitalt

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    3 mnd digitalt, 2 utgaver Flyt og boka Trygge Toppturer

    Tre mnd digital tilgang, to utgaver levert hjem og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    12 mnd digitalt og 8 utgaver

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå