Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

Farar: Skredterreng frå botnen av Gråsteindalen og opp til toppen.

Vegval: Tilkomsten til Grandesætra er skildra under Eidshornet. Frå setra går du slakt inn og oppover Gråsteindalen. Komen inn mot botnen av denne, følgjer du den store snøflanken heile vegen til topps.

Nedkøyring: Følg same veg attende i flott ski-terreng med «snille» hellingsvinklar.