Foto: Eirik Vaage.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Skårasalen

Skårasalen har lenge vore mellom dei aller mest populære skifjella på Sunnmøre. På grunn av ein lang og vinterstengd setreveg, er det mest vanleg å ta denne turen seint på hausten eller aller helst i vårsesongen, når vegen til Kvistadsætra er open.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Kolåshalvøya (Hjørundfjorden)
    • Toppunkt: 1542
    • Høydemeter: 1450
    • Kilometer: 8
    • Faremomenter: Vanlegvis eitt eller fleire store skred frå renna aust for Blåhornet mot setrevegen. Skavlar aust på toppplatået/ryggen.
    • Startsted: Bondalen eller Kvistadsætra
    • Tid opp/ned: 5 timar frå Kvistad. 3-4 timar frå Kvistadsætra
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Lengd: 8 km frå Kvistad. 3 km frå Kvistadsætra. 

    Stigning: 1450 meter frå Kvistad. 1050 meter frå Kvistadsætra.

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. 

    Farar: Det går vanlegvis eitt eller fleire store skred frå renna aust for Blåhornet mot setrevegen og frå rennene frå toppen og ned mot setra i løpet av vinteren. Unngå å gå for langt aust på toppplatået/ryggen, der det ofte er skavlar. 

    Vegval: Følg veg 655 frå Ørsta sentrum mot Sæbø. Ta av til høgre over bru ved skiltet «Kvistad» 3 km vest for Sæbø, og køyr om lag ein kilometer langs grusveg til bommen ovanfor Kvistad-gardane. Snøtilhøva avgjer om ein må gå dei 5 km herifrå til Kvistadsætra eller om ein kan køyre bil heilt fram. Frå parkeringsplassen ved setra går det ein 500 meter lang setreveg ovanfor ei dyrkamark. Følg vegen nesten til endes, før du tek av til venstre langs ein godt merkt sti opp gjennom open lauvskog. Når ein kjem ut av lauvskogen, kan ein anten følgje fonnfaret i renna frå toppen eller gå sidebratt nord for denne renna for å unngå eventuell skredfare. Når ein kjem opp i 800 meters høgd, skal ein ta av nord-over inn Blådalen. Følg denne snødalen slakt innover og etter kvart austover til du nesten når skaret mot Lisje-Skåradalen. Herifrå følgjer du ein slakk rygg opp mot topp-platået, som endar i ein liten bakke like før toppvardane. Turen frå Kvistadsætra til toppen er moderat. Utsynet frå toppen er absolutt fabelaktig, med Hjørundfjorden djupt under deg, Jakta kneisande midt i mot og Slogen som reiser seg over Norangsfjorden.

    Nedkøyring: Den vanlegaste nedkøyringa går same vegen som ein kom opp, eventuelt noko meir direkte ned mot snødalen etter topp-platået. Denne nedkøyringa er moderat, og hellingsvinkelen held seg stort sett under 30 grader. Men Skårasalen byr også på andre nedkøyringsalternativ. Den mest kuriøse går frå toppen og ned til Skår via Lisje-Skåradalen. Passer på nordsida av skavlen i skaret mellom Skårasalen og Storhornet og følg midten av Lisje-Skåradalen nedover i 25 graders helling. Her har du fantastisk utsyn mot Hjørundfjorden og Slogen heile vegen nedover mot Skår. Snøtilhøva avgjer kor langt du kan stå på ski før du må gå resten av vegen ned langs geiteråsa til ferjekaia på Skår. Hugs å ringe skyssbåt før avreise! Ein annan og meir ekstrem variant går frå like under toppen og beint ned rennene mot Kvistadsætra. Køyr først ned frå toppvardane og eit par hundre meter ut på topp-platået. Ta deretter skarpt til venstre, og gi deg i kast med dei opp mot 45 graders bratte rennesystema som fører deg beint ned mot utgangspunktet. Kos deg, men pass deg for skred, utgliding og stup!

    Christer Øyre leier an eit turlag opp Blådalen. Dukhornet og Langhornet i bakgrunnen. Foto: Håvard Myklebust.
    Brattkøyring i rennene som leier direkte ned mot Kvistadsætra. Foto: Håvard Myklebust.
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    6 mnd digitalt

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    3 mnd digitalt, 2 utgaver Flyt og boka Trygge Toppturer

    Tre mnd digital tilgang, to utgaver levert hjem og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    12 mnd digitalt og 8 utgaver

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå