Linn Cathrin Straume, Runa Vik og Synnøve Sunde på veg opp mot den bratte toppryggen på Saudehornet. Foto: Håvard Myklebust
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Saudehornet

Turen er populær gjennom heile vinteren og våren. Grunnen er at fjellet er lett tilgjengeleg frå sentrum av Ørsta, og at normalvegen ned er veldig direkte og spektakulær.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Kolåshalvøya (Hjørundfjorden)
    • Toppunkt: 1303
    • Høydemeter: 1150
    • Kilometer: 3.5
    • Faremomenter: Skredterreng,utglidingsfare ved hard snø og skavlen langs toppegga. Moglege sprekker i rennene.
    • Startsted: Ørsta sentrum
    • Tid opp/ned: 3-4 timar
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Lengd: 3,5 km.

    Stigning: 1150 meter frå Vasshuset. 

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. Ved hard snø vil ein trenge stegjarn og/eller isøks for å klatre dei siste 200 høgdemetrane frå Knekken og opp sør-ryggen til toppen.

    Farar: Skredterreng i vestsida av Vikeskåla og i alle dei bratte rennene og flankane på Saudehornet. Utglidingsfare ved hard snø. Skavlen langs toppegga kan bli temmeleg stor, og ein må derfor vere mykje varsam med å gå for langt ut her. Moglege sprekker i rennene som går frå toppegga og ned mot Vikeskåla.

    Vegval: Tilkomsten til Vasshuset er skildra under Nivane/Vardehornet. Frå stålgrinda følgjer ein anleggsvegen til fots eller på ski opp til det tredje og siste av dei små vasshusa. Gå deretter skrått inn mot Vikeelva, kryss elva og sikt deg inn på det lågaste punktet på ryggen mellom Vallahornet og Saudehornet. Følg deretter sørryggen heile vegen til toppen, eventuelt ved å bere skia dei siste 200 høgdemetrane.

    Nedkøyring: Den vanlegaste nedkøyringa går same vegen som ein kom opp, men gjerne på skiløparens høgreside av renna. Hellingsvinkelen held her jamt 37 grader i 600 herlege høgdemeter, deretter noko slakkare terreng ned mot Vikeelva og Vasshuset. På skredtrygge dagar byr Saudehornet også på meir ekstreme nedkøyringar for den erfarne skiløparen. Dersom ein følgjer egga frå toppen mot vest, kjem ein på toppen av to-tre flotte renner som stuper ned mot Vikeskåla. Her kan hellingsvinkelen kome over 45 grader. Vi gjer merksam på at dette er linjer som berre må køyrast på absolutt skredtrygge dagar utan utglidingsfare og av svært erfarne skiløparar.

    Fint kveldslys på toppen. Vardehornet og Nivane i den nære bakgrunnen. Foto: Håvard Myklebust
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå