Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. 

Farar: Skavlar på toppryggene.

Vegval: Følg veg 655 frå Ørsta sentrum i retning Sæbø. Etter om lag 4 km kjem ein til Høge-brua. Køyr ikkje over brua, men køyr rett fram og ta av til venstre på bomveg etter om lag 1 km. Følg denne opp og til venstre, før du tek på skia og siktar deg inn på Rjope-dalen. Følg først dalføret eit stykke innover, før du tek peiling på ryggen nord for Rebbestadhornet og følgjer denne til topps.

Nedkøyring: Ein kan anten følgje same veg nedatt eller renne via det noko lågare Grøthornet. Båe delar gir fin-fin krusing i hellingsvinklar som stort sett held seg under 30 grader. Eit tredje alternativ er å renne nordover, ned mot Mossætra og vidare ned setrevegen til bustadfeltet Mosmarka. Men då må ein ha skyss attende til bilen.