Romedalstinden sett frå Middagshornet. Første delen av den skildra ruta, frå Steinstøylen til Brillevatnet, kjem bak Hallehornet og er såleis ikkje med på biletet. Kolåstinden ruvar bak til høgre. Foto: Håvard Myklebust
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Romedalstinden

Fjellet er særleg populært som kveldsskitur i mai/juni etter at setrevegen er open heilt fram på Steinstøylen. Det er tidsnok å starte i sekstida ein sommarkveld, for då får ein oppleve solnedgangen ute i havgapet medan ein sit på toppen.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Kolåshalvøya (Hjørundfjorden)
    • Toppunkt: 1295
    • Høydemeter: 900
    • Kilometer: 3
    • Faremomenter: Sprekkdanningar i den brattaste og smalaste delen av snøbreen. Mogleg skavl på toppegga.
    • Startsted: Steinstøylen
    • Tid opp/ned: 3-4 timar
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar og randonée- eller telemarkski.

    Lengd: 3 km.

    Stigning: 900 meter frå Steinstøylen.

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar og randonée- eller telemarkski. 

    Farar: På førsommaren har snøen vanlegvis sett seg så mykje at skredfaren er liten. Derimot bør ein vere merksam på sprekkdanningar i den brattaste og smalaste delen av snøbreen. Mogleg skavl på toppegga. Toppegga er ikkje vanskeleg, men krev god balanse. Dersom ein vil gjere turen på vinteren, må ein vere merksam på at skredfaren kan vere stor heile vegen opp breen, og også i topprennene.

    Vegval: Følg veg 655 frå Ørsta sentrum i retning Sæbø. Etter om lag 4 km kjem ein til Høge-brua. Køyr ikkje over brua, men køyr rett fram i om lag 7 km i retning Follestaddalen og Kolåsen. Ta av til venstre inn på bomveg mot Romedalen like før du kjem fram i sjølve Kolåsen. Følg setrevegen til endes til du kan parkere ved Steinstøylen etter om lag 7 km. Ta no skia på sekken og følg ein nokså tydeleg sti opp forbi hyttene, gjennom ein liten skog og vidare opp i det lågaste skaret mellom Hallehornet og Romedalstinden. Her kan ein vanlegvis ta på skia og skråe austover nokre hundre meter, før ein tek av opp-over sjølve breen mot søraust. Følg no breen oppover i kupert terreng, som gradvis blir brattare opp mot skaret nordaust for sjølve Romedalstinden. Set att skia i skaret og klyv til venstre for egga bakover til du når nokre renneformasjonar. Følg desse opp mot ein fortopp. Klyv deretter eit par hundre meter bortover langs den smale og luftige egga til du når toppvarden. Set deg no ned og nyt solnedgangen ute i Breisundet!

    Nedkøyring: Den vanlegaste vegen ned går same vegen som ein kom opp. Hellingsvinkelen på ski- køyringa overstig neppe 35 grader, men ver merksam på moglege sprekker der breen er på det smalaste.

    Stig Helset nyt utsynet frå toppegga. Foto: Håvard Myklebust.
    Sondre Eikås krusar inn i solnedgangen med Middagshornet midt imot. Foto: Håvard Myklebust
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå