Ruta opp og ned frå Røyrhus. Foto: Håvard Myklebust
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Røyrhusnibba

Å gå på Røyrhusnibba gir deg ein skitur i god, gammaldags ånd. Fjellet er lett tilgjengeleg gjennom heile vinteren og våren i øvste delen av den snøsikre Hornindalen, og byr på fin nedkøyring i hellingsvinklar etter eige val.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Hornindalsfjella
    • Toppunkt: 1279
    • Høydemeter: 800
    • Kilometer: 3
    • Faremomenter: Veldig stor skavl mellom fortoppen og hovudtoppen. Ta ut god avstand! Om ein held seg på ryggen, unngår ein skredterreng, då ein kan halde seg under 30 grader her.
    • Startsted: Røyrhus
    • Tid opp/ned: 2-3 timar.
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Lengd: 3 km.

    Stigning: 800 meter.

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Farar: Veldig stor skavl mellom fortoppen og hovudtoppen. Ta ut god avstand! Om ein held seg på ryggen, unngår ein skredterreng, då ein kan halde seg under 30 grader her.

    Vegval: Følg E39 frå Volda sentrum til du kjem ut av Kvivstunnelen. Ta her av på veg 60 mot Stranda. Følg denne i om lag 15 km til du ser skilting mot Røyrhus på høgre side av vegen. Køyr no langs grusveg og parker ved den første garden du kjem til. Vis omsyn til gardsdrifta når du parkerer. Kryss elva og gå i slakt terreng opp open lauvskog til du når ryggen på Røyrhusnibba. Følg denne til topps, men pass deg for skavlen mellom fortoppen og hovudtoppen.

    Nedkøyring: Ein kan ta same veg tilbake eller køyre brattare ned renneformasjonar ned mot Terdalen, før ein rundar tilbake mot Røyrhus under ryggen.

    På veg opp toppryggen ein iskald januarmorgon. Vanlegvis er dette ein rein skitur, men akkurat denne dagen var det fornuftig å ta skia på sekken eit stykke oppover den avblåste ryggen. Foto: Håvard Myklebust.
    Stig Helset på veg ned frå toppen. Hornindalsrokken kneisar i bakgrunnen. Foto: Håvard Myklebust.
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    6 mnd digitalt

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    3 mnd digitalt, 2 utgaver Flyt og boka Trygge Toppturer

    Tre mnd digital tilgang, to utgaver levert hjem og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    12 mnd digitalt og 8 utgaver

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå