Ruta opp til Viddalsætra og vidare oppover mot fortopp og hovudtopp. Foto: Håvard Myklebust.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Risenosa

Risenosa byr på ein lang og fin skitur i moderat terreng, og eit utruleg utsyn mot Slogen og Smørskredtindane frå toppen.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfmørsalpene
    • Underområde: Rånahalvøya (Hjørundfjorden)
    • Toppunkt: 1578
    • Høydemeter: 1500
    • Kilometer: 8
    • Faremomenter: ersom ein gjer rasjonelle vegval, kan ein stort sett kan halde seg under 30 grader og dermed unngå skredterreng.
    • Startsted: Viddal eller Viddalsætra
    • Tid opp/ned: 5 timar.
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Lengd: 8 km frå Viddal. 5 km frå Viddalsætra. 

    Stigning: 1500 meter frå Viddal. 1100 meter frå Viddalsætra. 

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Farar: Dersom ein gjer rasjonelle vegval, kan ein stort sett kan halde seg under 30 grader og dermed unngå skredterreng.

    Vegval: Følg E39 frå Volda sentrum til du kjem til Kvivstunnelen. Køyr ikkje gjennom denne, men ta av til venstre og følg skilting mot Bjørke, der du kan ta ein stopp å kike på den store jettegryta like ved inngangen til tunnelen som tek deg vidare mot Viddal. Frå Viddal følgjer du vegen langs elva, forbi kraftstasjonen og vidare oppover mot Viddalsætra. Herifrå følgjer du dalføret ein liten kilometer vidare, før du sikkar oppover kuppert terreng til du når høgd 1310, aust for toppen. Køyr no ein liten bakke ned, før du går opp på høgd 1312, og vidare opp den siste bakken til topps.

    Nedkøyring: Dersom du følgjer same veg nedatt, får du krusing i fint og slakt terreng. Minuset er at du må på med fellane opp mot høgd 1310, før du igjen kan kruse vidare nedover. På skredtrygge dagar tilrår vi derfor ei litt brattare nedkøyring frå høgd 1312 direkte ned mot setrevegen.

    Oscar Almgren frå Uteguiden fører eit tilreisande turlag opp forbi Viddalsætra. Foto: Håvard Myklebust.
    Sugande utsyn over indre deler av Hjørundfjorden frå ein pillar på toppryggen av Risenosa. Foto: Håvard Myklebust.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå