Ytstenesdalen til venstre. Foto: Håvard Myklebust
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Randers´ Topp

Turen til Randers´ topp er kanskje den mest varierte og flottaste av alle moderate vårskiturar i Sunnmørsalpane.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Kolåshalvøya (Hjørundfjorden)
    • Toppunkt: 1414
    • Høydemeter: 1400
    • Kilometer: 4
    • Faremomenter: Årsnesfonna kan bli veldig stor og gå heilt i fjorden. Det er skredterreng opp den bratte sida frå Ytstenesdalen mot Årsnesbreen. Kan vere ei sprekke i 1150 meters høgd på Årsnesbreen.
    • Startsted: Årsneset
    • Tid opp/ned: 4 timar
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Dei aller første skiturane opp Ytstenesdalen og Årsnesbreen gjorde vi på midten av 1990-talet og godt inn på 2000-talet hadde vi fjellet heilt for oss sjølve. På flotte vårdagar kan det no vere eit hundretals skiløparar på toppen i løpet av éin dag. Dette illustrerer den veldig aukande interessa for toppturar dei siste 10-15 åra.

    Lengd: 3 km om ein går rett opp Årsnesbreen. 4 km om ein går via Ytstenesdalen.

    Stigning: 1400 meter frå skredvernet.

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. Ved hard snø vil du trenge stegjarn og/eller isøks for å klatre heilt på Randers’ topp. Dersom du også ønskjer å bestige Mohns topp eller klatre Bladet, må du ha med tau, sele og sikringsutstyr.

    Farar: Årsnesfonna kan bli veldig stor og gå heilt i fjorden, samstundes som det kan vere vanskeleg å berekne kva tid ho vil gå. Det er skredterreng opp den bratte sida frå Ytstenesdalen mot Årsnesbreen, om ein vel den vegen. Ver også merksam på at det kan vere ei sprekke i 1150 meters høgd på Årsnesbreen, og at det som regel er ein nokså stor skavl på toppen. Dei bratte rennene frå Mohns topp ned mot Giganten og Molladalen kan berre køyrast på skredtrygge dagar på god snø.

    Vegval: Frå Ålesund tek ein ferja Solavågen–Festøya. Følg vegen sørover på vestsida av Hjørundfjorden i retning Standal. Frå Volda/Ørsta kan ein ta vegen over Standaleidet og følgje vegen nordover på vestsida av Hjørundfjorden. Stopp ved skredvernet på Årsneset. Tidleg på året kan skia takast på heilt nede i fjøresteinane. Seinare på året må ein bere skia på sekk eit stykke oppover i lia. Ein kan velje om ein vil leggje turen via den flotte Ytstenesdalen eller om ein vil gå rett opp Årsnesbreen. Båe vegar leier deg opp til det slakke partiet av Årsnesbreen kalla Rysletta, der det er fint å ta ein pause. Komen opp på toppen av Årsnesbreen, står det att ein kort, men bratt snøflanke opp til toppen av Randers´ topp. Frå toppen kan ein køyre ned bakken og skråe over mot Mohns topp. For å klatre opp her bør du ha sikringsutsyr. Til slutt kan ein leggje turen bort til Bladet – ei tindenål som ragar tjue meter over Årsnesbreen, og som er sjølve logoen til Molladalen og Sunnmørsalpane. Klatringa opp er lett (grad 4), men det er luftig på den spisse pinakkelen.

    Nedkøyring: Den øvste delen av Randers´ topp gir bratt køyring i opp mot 40 graders hellingsvinkel, men nedover Årsnesbreen blir terrenget slakkare og meir kupert. Til gjengjeld har ein ved optimale snøforhold sjanse til å køyre heile 1414 høgdemeter beint ned i fjøresteinane, med utsikt til Hjørundfjorden og fjella på austsida under heile nedfarten. Det finst også brattare og meir ekstreme nedkøyringar for den erfarne skiløparen. Frå like under Mohns topp går det ei bratt renne ned mot Ytstenesdalen. På vegen passerer ein den majestetiske fjellpinakkelen Giganten, som ragar 50 meter rett opp frå renna. Akkurat i det ein passerer Giganten, må ein vere ekstra på vakt, for her er nokre bratte fjellknausar som ein kanskje må klatre forbi. Eit anna alternativ som er flott ved gode snøforhold, er Mohnsrenna, som slynger seg bratt ned mot sjølve Molladalen. Ulempa med dette vegvalet er at ein må ha tilgang til transport når ein kjem ned til Melbøsætra.

    Ytsyn frå øvste Åsnesbreen mot Hjørundfjorden. Den spektakulære pinakkelen Giganten nede til høgre, første gong vinterklatra av Åsmund Vaage, Karl Leikanger og Stig Helset i 2009. Foto: Håvard Myklebust
    Sindre Rudi i puddersnø. Foto: Håvard Myklebust
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå