Ruta opp får Haukåssætra. Foto: Håvard Myklebust
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Råna

Namnet på dette fjellet er eit av dei aller eldste i heile Sunnmørsalpane. Dei sjøfarande brukte fjellet som kjentmerke når dei segla opp og ned langs Mørekysten, og sidan den snødekte nordveggen likna på råseglet på eit vikingskip, fekk fjellet namnet Råna.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Rånahalvøya (Hjørundfjorden)
    • Toppunkt: 1586
    • Høydemeter: 1500
    • Faremomenter: Skredterreng innover Nordkopen og i sida opp frå kopen til toppryggen. Stor skavl i austsida av den breie toppryggen. Ver ekstra varsam i vårsnøen i ettermiddagssola.
    • Startsted: Haukåssætra
    • Tid opp/ned: 5 timar frå Haukåssætra.
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Turen til Råna er ein av dei verkelege klassikarane i Sunnmørsalpane.

    Lengd: 7 km frå Urkegjerdet. 5 km frå Haukåssætra.

    Stigning: 1500 meter frå Urkegjerdet. 1350 meter frå Haukåssætra. 

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. Ved hard snø vil ein trenge stegjarn og/eller isøks for å klatre frå Nordkopen til toppryggen.

    Farar: Skredterreng innover Nordkopen og i sida opp frå kopen til toppryggen. Stor skavl i austsida av den breie toppryggen. Ver ekstra varsam i vårsnøen i ettermiddagssola.

    Vegval: Følg veg 655 frå Ørsta sentrum til Sæbø. Ta ferja Sæbø–Lekneset og hald fram om lag 2 km på veg 655 til du kjem til Urke. Ta no venstre inn på grusveg og køyr så langt som du kjem i retning Haukåssætra. Gå inn dalen mot Nordkopen eit lite stykke før du kjem til setra. Frå kopen sikkar du bratt opp mot toppryggen, som du følgjer nordover heile vegen til toppen. Frå toppen får du eit fantastisk utsyn utover Hjørundfjorden mot Ålesund og storhavet.

    Nedkøyring: Den slakke toppryggen innbyr til krusekøyring. Men når du skal ned i Nordkopen, må du skjerpe deg, for her blir det monaleg brattare eit stykke, før terrenget legg seg ned-over mot Haukåssætra og Urkegjerdet.

    På veg mot siste kneika på topp-platået av Råna. Foto: Håvard Myklebust.
    Stig Helset testar den etter kvart bratte sida frå toppryggen ned mot Nordkopen. Foto: Håvard Myklebust.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå