Ruta opp frå Pyttbua til Puttegga (til høgre), vidare over til Høgstolen (i midten) og Karitinden (til venstre). Foto: Espen Schive.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Puttegga,Høgstolen og Karitinden

Puttegga er det høgste fjellet i Møre og Romsdal. Her skildrar vi turen frå Brøstet i Romsdalen, via Pyttbua, som er mogeleg å gjere også om vinteren – og vi tek også med dei nærliggande fjella Høgstolen og Karitinden.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Tafjordområdet
    • Toppunkt: 1999
    • Høydemeter: 800
    • Kilometer: 6
    • Faremomenter: Orienteringsvanskar ved skodde og snødrev. Skredterreng i dei nedanfor skildra bratte nedkøyringsalternativa.
    • Startsted: Brøstet
    • Tid opp/ned: 3 timar frå Pyttbua.
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Lengd: 6 km frå Pyttbua.

    Stigning: 800 meter frå Pyttbua.

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Farar: Orienteringsvanskar ved skodde og snødrev. Skredterreng i dei nedanfor skildra bratte nedkøyringsalternativa.

    Vegval: Følg E39 frå Ørsta eller E136 frå Ålesund til Moa. Følg E39 mot Molde, men ta av inn på E136 før Vestnes mot Åndalsnes, og følg denne vegen vidare oppover Romsdalen i vel 40 km til du kjem til skilting mot Brøstet. Ta her opp dalen og køyr til Sjurgarden (700 moh.) Frå Sjurgarden følgjer du den ubrøyta vegen til Tunga sæter i om lag 5 km. Gå no vidare inn Puttbudalen i om lag 8 km til Pyttbua (1161 moh.), der du gjerne overnattar. Turen vidare opp til Puttegga går opp sørsida av Putteggenden (1511 moh.) og fortset til høgde 1675 moh. Derfrå følgjer ein hovudflanken til topps. Frå toppen er det ingen fjell i mils omkrins som kan hindre eit storslege utsyn. Renn no gjerne ned til Søre Skaret, der du tek på fellane att og følgjer ryggen opp til Høgstolen og vidare søraustover til Karitinden.

    Nedkøyring: Du kan velje mellom ei rekkje nedkøyringar til Pyttbua frå den ovanfor skildra turen. Frå toppen av Puttegga kan ein sjølvsagt følgje same veg som du kom opp i moderat skiterreng. Men på skredtrygge dagar kan den erfarne skiløparen køyre den bratte søraustsida direkte ned til Søre Botnavatnet og vidare ned til Pyttbua. Frå Karitinden kan ein køyre ei direkte og fin linje ned til Pyttbua.

    Skiløpar på veg inn mot toppryggen av Puttegga. Foto: Johan Kistrand.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå