Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. Ved hard snø vil ein trenge stegjarn og/eller isøks for å klatre dei siste 80 høgdemetrane frå skaret opp rygg og renne til toppen.

Farar: Skredterreng i sida opp frå Fladalen, særleg når du nærmar deg toppen, og ikke minst i dei bratte rennene ned mot Kvanndalen.

Vegval: Parker ved kraftstasjonen om lag ein kilometer nedanfor høgste punktet på Standaleidet, i retning Standal. Følg anleggsvegen opp til Fladalen. Gå eit stykke inn dalen før du tek oppover breen som du følgjer til eit tydeleg skar like nord for toppen. Set att skia i skaret og trakk vidare bratt oppover til eit nytt skar. Herifrå følgjer du ei lita bratt renne til venstre dei siste tjue metrane til topps.

Nedkøyring: Nordre Sætretind har mange flotte nedkøyringsalternativ. Det snillaste alternativet er å følgje den same ruta ned som opp, noko som gir fin-fin krusing i 25-35 graders hellingsvinkel. Men den erfarne alpinist kan også velje mellom eit par-tre til dels veldig bratte renner som fører ned mot Kvanndalen i vest. Hellingsvinkelen på den nordlegaste og slakkaste renna, er om lag 40 grader. I dei andre rennene kjem hellingsvinkelen opp mot 50 grader. Vi gjer merksam på at dette er linjer som berre må køyrast på absolutt skredtrygge dagar utan utglidingsfare og av svært erfarne skiløparar. Komen ned i Kvanndalen, følgjer du då rute 1.14 tilbake til Standaleidet og sklir langs vegen vidare forbi Standalsætra tilbake til kraftstasjonen.