Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. 

Farar: Skredterreng i sørsida av Nivane og i dei bratte rennene på Vardehornet. Skavl på topp-platået frå Nivane til Vardehornet.

Vegval: Ta av frå E39 midt i Ørsta sentrum og følg Vikegeila rett opp til du kjem til Vasshuset og ein stor parkeringsplass. Om vinteren kan det vere glatt og vanskeleg å kome seg heilt opp den bratte bakken til Vasshuset utan 4WD. Parker då lenger ned mot sentrum, og gå dei siste hundremetrane opp til Vasshuset. Frå stålgrinda følgjer ein anleggsvegen til fots eller på ski opp til det tredje og siste av dei små vasshusa. Ta deretter av nordvestover og sikt deg inn på ryggen av Nivane. Følg denne ved bauting heilt til toppvarden, som ligg eit stykke bak på platået. Derifrå kan ein gå slakt nordaustover langs topp-platået mot toppen av Vardehornet.  

Nedkøyring: Frå Nivane er det tryggast å følgje den same vegen ned som ein gjekk opp, altså langs ryggen. Men på skredtrygge dagar kan ein køyre meir beint ned sørsida med flott utsikt mot Ørstafjorden. Dette er ei brei og flott side på opp mot 35 graders helling som byr inn til store svingar og høg fart på pudderdagar. Når du kjem ned mot skogen, kan du følgje den uthogde skitraseen direkte ned til vegen ved Vasshuset. Frå toppen av Vardehornet går det to-tre flotte rygger og renner med ein hellingsvinkel på 40-45 grader ned mot Vikeskåla.