Den mest brukte ruta går opp frå parkeringa på Krøvels- eidet og tilbake same veg. Foto: Håvard Myklebust.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Melshornet-Kolåshalvøya

Turen frå Krøvelseidet til Melshornet er lett, skredtrygg og blir svært mykje brukt av skiløparar gjennom heile vinteren. Utsynet frå toppen mot Ørsta sentrum og fjella bak er flott – ikkje minst i kveldsmørkret.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Kolåshalvøya (Hjørundfjorden)
    • Toppunkt: 807
    • Høydemeter: 550
    • Kilometer: 3
    • Faremomenter: Mogeleg skredterreng i sidene av Grøthornet. Skavl på toppen mot Ørsta.
    • Startsted: Volda skisenter eller Krøvelseidet
    • Tid opp/ned: 1-2 timar frå botnstasjonen og frå Helgatun på Krøvelseidet.
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Lengd: 3 km frå botnstasjonen og frå Helgatun på Krøvelseidet.

    Stigning: 550 meter.

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Farar: Mogeleg skredterreng i sidene av Grøthornet. Skavl på toppen mot Ørsta.

    Vegval: Følg veg 651 frå Volda sentrum oppover. Hald fram til rundkøyring og ta av på andre avkøyrsla inn på Vikebygdvegen. Følg denne til du kjem opp på Krøvelseidet og du ser skilting til Volda skisenter til venstre. Gå opp skitraseen eller ta trekket til toppen av Sandfjellet. Frå toppen av trekket ser du Grøthornet i nord, som du når etter ein liten skitur. Det er også ein enkel tur vidare frå Grøthornet til Melshornet, der ein får god utsikt over Ørsta og fjella i området. Alternativt kan ein køyre nokre hundre meter forbi skiltinga til skitrekket og starte frå stor parkeringsplass ved Helgatun. Følg tydeleg, slakk og skredtrygg skilei herifrå til topps. Frå toppen av Melshornet har ein fleire nedkøyringsalternativ: attende til skitrekket, ned til vegen ved Helgatun på Krøvelseidet eller ned til Volda eller Ørsta sentrum, via Dinglavatnet. Ta gjerne turen opp og ned frå Krøvelseidet som kveldstur med hovudlykt eller i måneskin. Turen er tidvis preparert med trakkemaskin heile vegen frå skisenteret og nesten til topps, og er såleis godt eigna som rask og fin trimtur.

    Folksomt mot Melshornet på slike dagar. Foto: Håvard Myklebust.
    Sondre Eikås på veg ned frå toppen ein fin Julaften føremiddag. Foto: Håvard Myklebust.
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå