Bjarne Solbakken og Olav Viddal like under toppen. Ruter skissert inn i bakgrunnen. Foto: Håvard Myklebust.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Lisjetinden

Moderat tur som ein gjerne kan gå ein ettermiddag i vårsol.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Kolåshalvøya (Hjørundfjorden)
    • Toppunkt: 1239
    • Høydemeter: 1000
    • Kilometer: 5
    • Faremomenter: Mogeleg skredterreng opp sida mot Grøthornet og i toppområdet. Skavlen langs toppryggen kan vere stor, og ein må derfor halde god avstand frå denne.
    • Startsted: Kvanndalssætra
    • Tid opp/ned: 4 timar frå Bjørdalen. 3 timar frå Kvanndalssætra.
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Lengd: 5 km frå Bjørdalen. 3 km frå Kvanndalssætra.

    Stigning: 1000 meter frå Bjørdalen. 700 meter frå Kvanndalssætra.

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. Ved hard snø vil ein trenge stegjarn og/eller isøks for å klatre dei siste høgdemetrane frå ryggen til topps.

    Farar: Mogeleg skredterreng opp sida mot Grøthornet og i toppområdet. Skavlen langs toppryggen kan vere stor, og ein må derfor halde god avstand frå denne.  

    Vegval: Køyr om lag 14 km frå Ørsta sentrum på veg 655 mot Sæbø. Ta av til høgre på grusveg ein liten kilometer etter at du har passert skiltet som er merka med «Bjørdal». Følg grusvegen og parker etter om lag 1 km ved starten på setrevegen dersom denne er stengd. Følg vegen opp til Kvanndalssætra. Gå herifrå gjennom open skog og vidare opp mot Grøthornet, før du følgjer den flate ryggen sørover mot Lisjetinden. Den siste kneika opp er bratt og kan krevje stegjarn og/eller isøks.  

    Nedkøyring: Følg same veg nedatt i moderat terreng, eller køyr brattare rett ned mot Kvanndalsvatnet, før du skråar attende mot setra.

    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå