Rutene opp og ned frå Laurdalsætra til toppryggen. Siste delen av rutene er skjult bak toppryggen. Foto: Håvard Myklebust
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Lisje-Toren

Lisje-Toren merkjer seg ut som ein særleg alpin fjellformasjon mellom i hovudsak meir avrunda fjell her i den sørlege delen av Sunnmørsalpane.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Dalsfjordfjella
    • Toppunkt: 1164
    • Høydemeter: 1100
    • Kilometer: 7
    • Faremomenter: Skredterreng på veg opp mot skaret nord for toppryggen. Skavlar i toppområdet.
    • Startsted: Søre Bjørkedal eller Laurdalen
    • Tid opp/ned: 4 timar frå Søre Bjørkedal. 3 timar frå Laurdalen.
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Heilt frå hovudvegen nede i Bjørkedalen ser ein den imponerande søraustegga strekkje seg opp mot toppen.

    Lengd: 7 km frå Søre Bjørkedal. 4 km frå Laurdalen.

    Stigning: 1100 meter frå Søre Bjørkedal. 800 meter frå Laurdalen.

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Farar: Skredterreng på veg opp mot skaret nord for toppryggen. Skavlar i toppområdet.

    Vegval: Ta ferja Volda–Folkestad og hald fram på vegen til du kjem til Søre Bjørkedal etter om lag 15 km. Ta her inn på grusveg og følg skilting mot Laurdalen. Dersom vegen er fri for snø, betaler du bompengar og følgjer vegen opp til setra, og eit stykke vidare innover dalen. Kryss elva og ta sikte på kanten nord for Lisje-Toren. Følg deretter nordryggen til topps. Det er også eit alternativ å klatre opp den kvasse søraustegga med stegjarn og isøks, men då bør snøforholda vere gode. Ver særleg merksam på fare for skavlbrot her.

    Nedkøyring: Følg same veg nedatt. Nordryggen er ofte avblåst, med hard snø og framstikkande steinar, men frå skaret er nedkøyringa til setra fin-fin.

    Skiløpar på veg inn mot Laurdalssætra med Lisje-Toren kneisande bak. Foto: Håvard Myklebust
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå