Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

Farar: Skredterreng i skråningane aust for skaret. Skavl langs toppryggen. Skredterreng og stor utglidingsfare om du vel å køyre nordsida nedatt.

Vegval: Vegen opp til Skinnviksætra er skildra under Eidskyrkja (sjå rute 4.2). Den første delen av ruta er felles med ruta til Eidskyrkja, men du skal skråe sørvestover når du kjem i høgd med austryggen på Lisje Eidskyrkja. Følg dalsøkket sør for ryggen heilt til du kjem opp i eit tydeleg skar. Herifrå kan du følgje egga til toppen.

Nedkøyring: Du kan følgje same vegen ned som opp, men det er også vanleg å velje brattare alternativ meir direkte ned mot dalsøkket mot sør dersom forholda tillèt det. På absolutte skredtrygge dagar byr Lisje Eidskyrkja på ei mykje krevjande nedkøyring for den erfarne skiløparen. Renn om lag 100 meter frå toppen ned langs ryggen, før du tippar utfor toppskavlen og inn i den bratte nordsida. Følg eit snøband mot høgre, ovanfor bratte klipper og stup, til du kjem inn i den markerte og smale renna i nordveggen. Her kjem hellingsvinkelen opp mot 50 grader. Følg renna ned og ut i slakkare og opnare terreng mot setra.