Stigning: 1100 meter frå Kvistad. 700 meter frå Kvistadsætra.

Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

Farar: Skredterreng i topprennene.

Vegval: Tilkomsten til Kvistadsætra er skildra under Skårasalen. Ved enden av setrevegen går du sørover, kryssar elva og tek til på bakkane opp mot hengedalen under den dryge sida som du følgjer til topps.

Nedkøyring: Følg same veg nedatt, men pass på å halde god avstand til den loddrette nordveggen.