Stigning: 1150 meter.

Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

Farar: På denne turen kan du unngå skredterreng då du kan halde deg under 30 grader heile vegen opp og ned.

Vegval: Følg E39 til du kjem ut av Kvivstunnelen. Ta her av på veg 60 mot Stranda. Køyr om lag 5 km forbi Hellesylt, og parker ved stor utsynsplass merka med «Ljøen». Frå Stranda følgjer du veg 60 mot Hellesylt i om lag 24 km, til du kjem til utsynsplassen ved Ljøen. Følg sommarstien oppover mot Ljøsætra til du får ta på skia. Gå forbi sætra mot Nykkjevatnet, men ta vestover inn Ljødalen før du kjem til vatnet. Følg Ljødalen innover og oppover og ta sikte på det lågaste punktet på ryggen nord for toppen. Følg deretter denne kort veg til topps. Utsynet frå toppen mot Synnylvsfjorden og Geirangerfjella er storslege.

Nedkøyring: Følg same veg tilbake, og du får ei nydeleg nedkøyring i flott skiterreng med jamn hellingsvinkel på 25-30 grader heile vegen ned.