Ruta opp og ned frå veg 60 ved Ljøen.Foto: Håvard Myklebust.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Kvitegga

Kvitegga byr på ein flott skitur i moderat terreng som er lett tilgjengeleg gjennom heile vinteren på grunn av starten ved den høgtliggande fylkesvegen ved Ljøen.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Strandafjella
    • Toppunkt: 1489
    • Høydemeter: 1150
    • Kilometer: 4
    • Faremomenter: På denne turen kan du unngå skredterreng då du kan halde deg under 30 grader heile vegen opp og ned.
    • Startsted: Fylkesveg 60 ved Ljøen
    • Tid opp/ned: 4 timar
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Du får fjordnært og storslege utsyn i verdsarv-kategorien heile vegen til topps.

    Lengd: 4 km.

    Stigning: 1150 meter.

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Farar: På denne turen kan du unngå skredterreng då du kan halde deg under 30 grader heile vegen opp og ned.

    Vegval: Følg E39 til du kjem ut av Kvivstunnelen. Ta her av på veg 60 mot Stranda. Køyr om lag 5 km forbi Hellesylt, og parker ved stor utsynsplass merka med «Ljøen». Frå Stranda følgjer du veg 60 mot Hellesylt i om lag 24 km, til du kjem til utsynsplassen ved Ljøen. Følg sommarstien oppover mot Ljøsætra til du får ta på skia. Gå forbi sætra mot Nykkjevatnet, men ta vestover inn Ljødalen før du kjem til vatnet. Følg Ljødalen innover og oppover og ta sikte på det lågaste punktet på ryggen nord for toppen. Følg deretter denne kort veg til topps. Utsynet frå toppen mot Synnylvsfjorden og Geirangerfjella er storslege.

    Nedkøyring: Følg same veg tilbake, og du får ei nydeleg nedkøyring i flott skiterreng med jamn hellingsvinkel på 25-30 grader heile vegen ned.

    Open og fin furuskog oppe ved Ljøbrekka høgt over Geirangerfjorden. Foto: Håvard Myklebust.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå