Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

Farar: Orienteringsvanskar på toppryggen ved skodde eller snødrev. Dersom du følgjer den slakkaste vegen opp og ned, kan du stort sett halde under 30 grader, noko som gjer at faren for å bli teken av snøskred er liten. Unntaket er Brattbakken i 1200 meters høgde, der hellingsvinkelen nærmar seg 40 grader.

Vegval: Følg veg 655 frå Ørsta sentrum til Sæbø. Ta ferja Sæbø–Lekneset og hald fram på veg 655 gjennom Norangsdalen. Om lag 3,5 kilometer etter at du har passert vertshuset Villa Norangdal, tek du inn på ein liten grusveg som du kan parkere i enden av. Vegen gjennom Norangsdalen er ofte er stengd på grunn av skred gjennom vinteren (skilting om dette ved hovudvegen i Ørsta sentrum). Alternativt kan du då følgje E39 frå Volda sentrum til du kjem ut av Kvivstunnelen. Ta her av mot Stranda og følg veg 60 til du kjem til Tryggestad, der du tek av til venstre på veg 655 opp Nibbedalen. Frå parkeringa i Nibbedalen er det fin sommarsti og seinare flott skiterreng oppover Snødalen. Komen opp i 1100 meters høgde, tek du sikte på Høgd 1584. Følg deretter ryggen i slakt terreng vidare nordover mot toppen.

Nedkøyring: Den vanlegaste nedkøyringa går same vegen som ein kom opp. Denne nedkøyringa er moderat, og hellingsvinkelen held seg stort sett under 30 grader. Dersom ein har tilgang på transport i Kjellstaddalen (som ligg nord for veg 60 i Langedalen/Hornindalen), kan ein få ein fin rundtur. Renn då vestover, ned ein flott skibakke med hellingsvinkel opp mot 40 grader, til det høgste av Blådalsvatna. Ta her på fellane igjen og gå opp på toppen av den majestetiske Hornindalsrokken, via Trollaksla. Nedkøyringa frå Hornindalsrokken går via Kjellstaddalen.