Appelsinhaugen er den naturlege pause- steinen om lag halvveges til Tinden. Foto: Håvard Myklebust.
Appelsinhaugen er den naturlege pause- steinen om lag halvveges til Tinden. Foto: Håvard Myklebust.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Kolåstinden

Kolåstinden er «Kongen av Sunnmørsalpane», mest på grunn av den majestetiske utsjånaden, men også på grunn av at han byr på ein flott skitur i moderat, men variert terreng.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Kolåshalvøya (Hjørundfjorden)
    • Toppunkt: 1432
    • Høydemeter: 1000
    • Kilometer: 4
    • Faremomenter: Skredterreng og utglidingsfare. Ver også merksam på moglege skjulte bresprekker.
    • Startsted: Standalhytta
    • Tid opp/ned: 3-4 timar
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    På gode påskedagar kan det vere hundrevis skiløparar innom toppen i løpet av ein dag. På kalde pudderdagar i januar har du fjellet for deg sjølv.

    Lengd: 4 km.

    Stigning: 1000 meter. 

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Farar: Skredterreng i inngangen til Kvanndalen og frå rennene i Sætretindane ned i dalen. Skredterreng og utglidingsfare i Stretet og i siste kneika opp mot toppen. Ver også merksam på moglege skjulte bresprekker, særleg under toppkulen og under direkte-nedkøyringa over brefallet!

    Vegval: Gå frå Standalhytta eller frå hyttefeltet litt lenger aust, gjennom ein uthogd skråtravers i retning av Fossane under Søre Sætretind. Frå toppen av Fossane følgjer ein den markerte V-dalen til ein kjem inn på open flate i sjølve Kvanndalen. Ta av nordover opp til Appelsinhaugen, som er ein kvilestein i 950 meters høgd. Ta så vest/sørvest og gå sidebratt opp mot og gjennom Stretet, som er ein trong passasje på egga. Vel gjennom Stretet følgjer ein brekanten like under egga i retning av toppen, som no er synleg heile vegen. Set att skia dersom du synest det blir for bratt under toppkulen, og gå dei siste høgdemetrane til fots.

    Nedkøyring: Dei fleste følgjer same vegen ned som dei kom opp, og her er det berre i Stretet at hellingsvinkelen overstig 30 grader. Det er også fullt mogleg å køyre ned i Kvanndalen via brefallet. Men her blir hellingsvinkelen straks brattare mot slutten, særleg om ein ikkje har funne det beste linjevalet på veg opp. Dessutan er det fare for å gå gjennom bresprekker om ein ikkje er kjent med forholda.

    Leif Hoggen (85 år) på veg opp frå Stretet med treski! Foto: Håvard Myklebust.
    Leif Hoggen (85 år) på veg opp frå Stretet med treski! Foto: Håvard Myklebust.
    På veg mot toppen av Kolåstinden i nydeleg februarsol. Foto: Håvard Myklebust.
    På veg mot toppen av Kolåstinden i nydeleg februarsol. Foto: Håvard Myklebust.
    Allerede abonnent? Logg inn her

    Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.

    Fri Flyt skriver om heis- og toppturbaserte skiopplevelser som vil inspirere deg til egne turer. Vi gjør grundige tester som gjør at du velger riktigere utstyr. Vi møter skikjørere som lever for livet på snøen – slik som deg.

    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå