Ruta opp og ned frå Vellesæterdalen. Foto: Håvard Myklebust
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Klovetinden / Lisje Kløvheitind

Turen til Klovetinden er populær. Utsynet frå toppen er fantastisk!

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Rånahalvøya (Hjørundfjorden)
    • Toppunkt: 1350
    • Høydemeter: 1250
    • Kilometer: 4
    • Faremomenter: Skredterreng heile vegen til topps, og særleg i toppflanken.
    • Startsted: Brunstad
    • Tid opp/ned: 4 timar.
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Lengd: 4 km.

    Stigning: 1250 meter.

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. Ved hard snø vil ein trenge stegjarn og/eller isøks for å klatre dei siste høgdemetrane til topps.

    Farar: Skredterreng heile vegen til topps, og særleg i toppflanken.

    Vegval: Følg E39 frå Ørsta nordover mot Ålesund. Ta ferja Solavågen–Hundeidvika. Ta av venstre like etter ferjeleiet og følg hovudvegen mot Sykkylven/Stranda i om lag 24 km til du kjem til Brunstad. Frå Ålesund tek du ferja Magerholm–Aursneset, før du følgjer veg 60 i om lag 17 km til du kjem til Brunstad. Ta av til høgre frå vegen inn forbi bustadfelt og parker ved kraftverket. Følg så vegen vidare oppover til Vellesætra, der du også finn ei ubetjent turisthytte med 11 sengeplassar. Følg ein liten morenerygg nokre hundre meter innover dalen, før du tek nordvestover og passerer Storhaugen på venstre side. No ventar bratt stigning opp til Kløvheia (1000 moh.) Herifrå ser du  ruta opp til topps. Når du har igjen 20 meter til toppen, følgjer du ei hylle som går mot vest, opp på egga, før du klyv dei siste 10 metrane til topps.

    Nedkøyring: Returen gir fin-fin nedkøyring i bratt til moderat terreng, gjerne i morgonsola tidleg på vinteren.

    Skileik i sløsjsnø. Foto: Per Magne Drotninghaug.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå