Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. 

Farar: Skavlar langs toppegga og orienteringsvanskar ved skodde og snødrev. Dersom du følgjer den skildra ruta, unngår du skredterreng.

Vegval: Ta ferja Volda–Folkestad og hald fram på vegen over Stigedalen til du kjem til rundkøyringa ved Nordfjordeid. Ta av i andre avkøyrsle og følg veg 15 i om lag 5 km. Ta til høgre på veg 661 og køyr 3 km, før du held fram til høgre på veg 61 i 2 km. Ta no til høgre igjen og køyr dei siste 500 metrane til skisenteret. Ta gjerne skitrekket opp til toppstasjonen. Gå no nordaustover til Tjønndalsvatnet og vidare nordvestover til Kringlevatnet. Følg deretter slakt terreng oppover det store platået mot egga sør for Klakken, som du følgjer til topps. Turen er tidvis preparert med trakkemaskin heile vegen frå skisenteret og nesten til topps.

Nedkøyring: Skli same veg attende. Når du nærmar deg skianlegget, kan du eventuelt ta ned venstre og få nydeleg frikøyring i open skog ned mot hyttefeltet vest for anlegget.