Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. Ved hard snø vil ein trenge stegjarn og/eller isøks for å klatre heilt til topps.

Farar: Skredterreng både på veg opp i Tverrelvdalen, i toppområdet og ikkje minst i den bratte renna ned til Langedalen.

Vegval: Følg veg 655 frå Ørsta sentrum i retning Sæbø. Etter om lag 4 km kjem ein til Høge-brua. Køyr ikkje over brua, men køyr rett fram i om lag 7 km i retning Follestaddalen og Kolåsen. Ta av til venstre inn på bomveg mot Romedalen like før du kjem fram i sjølve Kolåsen. Dersom setrevegen er open, kan du følgje denne innover til du kjem til brua ved Årsætersætra etter ein god kilometer. Gå no vestover opp i Tverrelvdalen og vidare inn denne mot toppryggen. Følg denne til topps.

Nedkøyring: Nedkøyring attende til Årsætersætra går i kuppert terreng og er moderat. Dersom snøtilhøva tillet det og du er ein habil skiløpar, kan du velje eit brattare og smalare alternativ ned renna mot Langedalen og Mossætra/Vallasætra, noko som er ei ultraklassisk linje med 40 graders hellingsvinkel. Ein kan også renne ned i Ljosådalen og vidare til Follestaddalen. Ved båe desse alternativa må ein ha skyss attende til bilen.