Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

Farar: Skredterreng både opp Kårdalen og frå vatnet opp mot toppryggen.

Vegval: Følg E39 frå Volda sentrum til du kjem til Kvivstunnelen. Køyr ikkje gjennom denne, men ta av til venstre og følg skilting mot Bjørke, der du kan ta ein stopp å kike på den store jettegryta like ved inngangen til tunnelen som tek deg vidare mot Leira, der du skal ta opp nokre bakkar til gardane på Seljereite. Vis omsyn til gardsdrifta når du parkerer. Gå no bratt opp Kårdalen, først delvis gjennom skog, så i ope terreng vidare inn i dalen mot Kårdalsvatnet. Gå ikkje heilt inn til vatnet, men sikk opp sida mot topp- ryggen, som du kan følgje i venstre del vidare opp til topp-platået. Toppvarden ligg eit stykke vidare inn på platået. Herifrå får du eit absolutt fabelaktig utsyn nordover langs heile Hjørundfjorden som du seint vil gløyme.

Nedkøyring: Returen same veg byr på nydeleg køyring i moderat til krevjande terreng i opp mot 35 graders hellingsvinkel, med flott utsyn over Storfjorden. Alternativt kan du ta ein rundtur ved å renne (og gå) via Blæja til Fivelstadhaugen i Nibbedalen (sjå rute 2.14), men då må naturlegvis ha skyss attende til Seljereite.