Molladalen sett frå Middagshornet. Rametinden til venstre, Jønshornet i midten og Randers’ Topp og Mohns Topp til høgre. Foto: Håvard Myklebust
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Jønshornet

Jønshornet er eit krevjande vinterfjell, men byr på artig eggklyving, utruleg utsyn, bratt rennekøyring og ein fin rundtur med mange ingrediensar for den erfarne alpinisten.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Kolåshalvøya (Hjørundfjorden)
    • Toppunkt: 1419
    • Høydemeter: 1300
    • Kilometer: 6
    • Faremomenter: Stor fare for skavlbrot langs egga frå Rametinden til toppen. Skredterreng i toppområdet og i den opp mot 45 grader bratte Jønshornrenna og utsklidingsfare ved Molladalsporten.
    • Startsted: Vollane
    • Tid opp/ned: 5 timar
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Lengde: 6 km frå Vollane. 4 km frå Melbøsætra.

    Stigning: 1300 meter frå Vollane. 1200 meter frå Melbøsætra.

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. Ved hard snø vil ein trenge stegjarn og/eller isøks på egga mellom Rametinden og Jønshornet, i toppområdet og i Jønshornrenna.

    Farar: Stor fare for skavlbrot langs egga frå Rametinden til toppen. Skredterreng i toppområdet og i den opp mot 45 grader bratte Jønshornrenna og utsklidingsfare ved Molladalsporten. 

    Vegval: Følg E39 frå Ørsta eller Ålesund til du kjem til Barstadvik. Ta her opp ved skilt merka Erdalen og følg vegen langs dalen, over ei lita bru, og vidare langs setrevegen til Melbøsætra. Parker bil 1 her. Ta bil 2 attende til «krysset» ved fremste garden, der du no tek opp til høgre og følgjer vegen i om lag 1,5 km til du kjem til Vollane, der du parkerer ved ei lita elv. Gå gjennom ei lita stålgrind og følg sommarstien oppover først på venstre side og så på høgre side av elva til terrenget legg seg. Ta på skia når du møter snøen og gå i relativt slakt terreng opp til Rametinden. Følg ryggen og etter kvart egga frå denne sørover mot Jønshornet. Ver merksam på store skavlar mot Hjørundfjorden. Ein vil ofte trenge isøks og stegjarn for å klyve den brattaste delen av egga opp mot toppområdet under Jønshornet.   

    Nedkøyring: Frå toppen tek du no peiling på den første renna som leier ned mot Molladalen. Ved optimale snøforhold får den erfarne alpinisten spektakulær køyring på flanken og vidare ned Jønshornrenna, før terrenget legg seg vidare nedover mot Molladalsporten. Men i Molladalsporten er det bratt og utsett terreng ned mot elva same kva for side du vel. Ver derfor merksam på fare for både skred og utskliding. Komen ned til Melbøsætra, tek du bil 1 dei 2,5 kilometrane attende til bil 2 på Vollane. Praktisk! 

    Vil du ha ein verkeleg overgangstur, kan du skli austover når du har kome eit stykke ned i Jønshornrenna, for så å gå opp i Molladalsskaret. Herifrå kan du kruse i flott skiterreng ned mot Ytre-Standal (sjå rute1.3). Som alternativ kan du gå opp Mohnsrenna og vidare til Randers’ Topp og ta Årsnesbreen nedatt mot Hjørundfjorden (sjå rute1.2). Ved det første alternativet må du ha plassert ein bil på Ytre-Standal; ved det andre ved skredvernet på Årsneset.

    Fint utsyn frå toppen mot Hjørundfjorden. Foto: Håvard Myklebust
    Slakt terreng på veg mot Rametinden. Delar av Ålesund i bakgrunnen. Foto: Håvard Myklebust
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå