FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Jakta

Synet av Jakta sett frå Finnes inst i Storfjorden ein vakker vårdag er til å bli bergteken av, der fjellet reiser seg lik ein trolsk kjempefallos. Men den vanlegaste skituren går opp frå motsett side og er nokså krevjande. Til gjengjeld får du artig skikøyring nedatt.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Rånahalvøya (Hjørundfjorden)
    • Toppunkt: 1588
    • Høydemeter: 1550
    • Kilometer: 4
    • Faremomenter: Det kan gå skred frå Jakta heile vegen inn Konedalen. Hald derfor litt venstre på veg inn dalen. I den bratte bakken opp til toppryggen kan det vere stor skredfare.
    • Startsted: Øye
    • Tid opp/ned: 5 timar.
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Lengd: 4 km frå Øye.

    Stigning: 1550 meter frå Øye.

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. Ved hard snø vil ein trenge stegjarn og/eller isøks for å gå den bratte bakken opp frå Jaktafoten til toppryggen.

    Farar: Det kan gå skred frå Jakta heile vegen inn Konedalen. Hald derfor litt venstre på veg inn dalen. I den bratte bakken opp til toppryggen kan det vere stor skredfare. 

    Vegval: Følg veg 655 frå Ørsta sentrum til Sæbø. Ta ferja Sæbø–Lekneset og hald fram om lag 10 km på veg 655 til du kjem til Øye. Ein kort bit etter Union Hotel, tek du høgre over mot gardane under Konehornet. Ta skia på sekken og følg den bratte stien opp i Konedalen, først på venstre side av elva, så kryssing over til høgre side. Komen opp, spenner du skia på beina og følgjer det slakke dalføret heile vegen innover mot Jaktafoten. Sikk no bratt oppover sida heilt til du når toppryggen. Hald deg så nær midten av denne som mogeleg heile vegen til topps, då det er fare for utgliding til høgre ned mot Konedalen og skavlar til venstre ned mot Hjørundfjorden etter kvart som det smalnar av.

    Nedkøyring: Det mest vanlege er å følgje same veg ned som opp, noko som gir moderat til krevjande køyring i seg sjølv. Ein meir ekstrem, spektakulær og sjeldan variant for den erfarne alpinisten, går frå toppen og eit godt stykke nedover ryggen mot Storfjorden, der du etter kvart skal ta av venstre, ned ei bratt renne som fører deg ned mot fjorden. Hugs å ta av i tide, så du ikkje fyk utfor stupa og hamnar i fjorden! Ulempa er at du no helst må ha båtskyss til Viddal, og at du derifrå har ein lang og kronglete retur til Øye. Eit anna artig alternativ er å køyre ned mot øvre delen av Konedalen, ta på fellane att og følgje ryggen opp på Risenosa, for så å renne ned til Viddal, noko som vil gi deg ein fantastisk rundtur (sjå rute 2.12). Ulempa er at du no helst må ha båtskyss attende til Øye.

    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå