Ruta opp frå setrane ved Langeli, opp og litt ned langs den lange ryggen og vidare til topps. Foto: Håvard Myklebust.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Hornindalsrokken

Hornindalsrokken er ein av dei aller mest alpine fjellformasjonane i heile Sunnmørs- alpane, m.a. godt synleg frå Solavågen der han ragar opp heilt inne i enden av den langstrekte Hjørundfjorden.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Hornindalsfjella
    • Toppunkt: 1529
    • Høydemeter: 1150
    • Kilometer: 7
    • Faremomenter: Skredterreng i botnen av Kjellstaddalen og opp sida mot toppryggen.
    • Startsted: setrane ved Langeli
    • Tid opp/ned: 5 timar
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Skituren opp er lang og noko krevjande i toppen.

    Lengd: 7 km.

    Stigning: 1150 meter.

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Farar: Skredterreng i botnen av Kjellstaddalen og opp sida mot toppryggen.

    Vegval: Følg E39 frå Volda sentrum til du kjem ut av Kvivstunnelen. Ta her av på veg 60 mot Stranda. Følg denne i om lag 14 km, ta av til venstre oppover setrevegane (om lag 300 meter før du kjem til skiltet som det står Røyrhus på) og køyr så høgt du kjem. Gå no oppover lia i open lauvskog til du når den lange ryggen som strekkjer seg nordover mot toppformasjonen. Følg ryggformasjonen opp og ned frå småhøgder heile vegen til han tek til å reise seg opp mot toppen. Rund no rundt til høgre i sida som leier ned mot Kjellstaddalen. Følg sida bortover til du kjem opp på ryggen nord for toppen, og følg denne til topps. 

    Nedkøyring: Køyr bratt ned i Kjellstaddalen, som du følgjer heile vegen ut mot veg 60. Komen ut av dalen, må då gå eit stykke vestover attende til bilen. Har du lyst til å ta en skikkeleg rundttur, kan du renne frå toppen, via Trollaksla, til det høgste av Blådalsvatna. Ta her på fellane og gå bratt opp til toppen av Kvitegga.

    Linn Cathrin Straume og Synnøve Sunde på veg opp toppryggen frå nord ein varm påskedag. Hjørundfjorden bak i det fjerne. Foto: Håvard Myklebust.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå