Ruter opp og ned frå Sollisætra. Foto: Arnt Flatmo.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Høgsvora

Høgsvora (som er den sørlegaste toppen av Næremstindane) er ein veldig vanleg og fin skitur i stort sett lett terreng, og nedkøyringa til Kvanndalen er fin-fin.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Ørskogfjella
    • Toppunkt: 1163
    • Høydemeter: 900
    • Kilometer: 4
    • Faremomenter: Fare for utløpsskred frå sørryggen og fare for skavlbrot og utgliding langs ryggen.
    • Startsted: Vaksvikfjellet
    • Tid opp/ned: 3 timar
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Lengd: 4 km.

    Stigning: 900 meter.

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Farar: Fare for utløpsskred frå sørryggen og fare for skavlbrot og utgliding langs ryggen.

    Vegval: Følg E39 frå Ørsta nordover til Moa og vidare mot Trondheim. Frå Ålesund følgjer ein E136 til Moa der ein tek av på E39 mot Trondheim. Ta av til høgre når du kjem til Sjøholt og følg veg 650 mot Geiranger.  Køyr om lag 8,5 km til Vaksvika, der du skal ta av opp til venstre mot Vaksvikfjellet. Parker ved sportskapellet etter om lag 4 km. Gå no forbi Sollisætra og vidare oppover Kvanndalen i slakt terreng. Frå dalen kan du enten følgje sørryggen til topps eller gå vidare mot Steingardstinden, før du tek inn på vestryggen som du følgjer til topps. Unngå utløpssona for ras ved å halde god avstand frå sørryggen når du er på veg inn dalen mot Steingardstinden.

    Nedkøyring: Den beste nedkøyringa går frå toppen og direkte ned i Kvanndalen og vidare ned til Sollisætra. Alternativt kan du følgje sørryggen eller køyre mot Steingardstinden og vidare ned i Kvanndalen.

    På veg inn Kvanndalen med toppen over skiløparen. Foto: Geir Ingebretsen.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå