Turen opp frå Frølandsdalen. Foto: Håvard Myklebust
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Hellefjellet

Turen opp til fortoppen Grøthornet er lett og fin og kan gjerast gjennom heile vinteren. Vegen vidare opp til toppen av Hellefjellet er noko meir krevjande.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Kolåshalvøya (Hjørundfjorden)
    • Toppunkt: 1239
    • Høydemeter: 1000
    • Kilometer: 4
    • Faremomenter: Skredterreng i sida opp mot Grøthornet og langs toppryggen i 1100 meters høgde.
    • Startsted: Myklebust i Follestaddalen
    • Tid opp/ned: 3-4 timar
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Lengd: 4 km. 

    Stigning: 1000 meter. 

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. Ved hard snø treng ein stegjarn og/eller isøks på toppflanken/toppryggen.

    Farar: Skredterreng i sida opp mot Grøthornet og langs toppryggen i 1100 meters høgde.

    Vegval: Følg veg 655 frå Ørsta sentrum i retning Sæbø. Etter om lag 4 km kjem du til Høgebrua. Ta til venstre like etter at du har passert brua, og følg austsida Follestaddalen i om lag 3 km til du ser ei opa linje i skogen over Myklebust-gardane. Vis omsyn til gardsdrifta når du parkerer. Ta på skia og følg opninga i skogen oppover mot Frølandsdalen. Komen opp i dalen, skråar du opp sida under Grøthornet (1086 moh.) til du kjem til det lågaste punktet på ryggen, kalla Seilen. Følg no den stadig smalare toppryggen (eller hald litt nord for denne) austover til toppen.

    Nedkøyring: Retur same veg gir fin-fin køyring i kupert og artig terreng nedover mot Frølandsdalen og Follestaddalen. Men ein kan også renne ned i Smådalane og vidare ned til Øyasætra ved Standaleidet eller ned Harpedalen til Kolåsen fremst i Follestaddalen. Ein kan sjølvsagt også gå turen den andre vegen.

    På veg opp mot fortoppen Grøthornet. Foto: Håvard Myklebust
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå