Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. Ved hard snø vil ein trenge stegjarn og/eller isøks for å klatre dei siste hundre høgde- metrane frå Himmelporten og opp renna/ryggen mot toppen.

Farar: Skredterreng i sørsida av fjellet og særleg i renna frå Himmelporten mot toppen. I renna er det også utglidingsfare ved hard snø. Ver også merksam på mogleg toppskavl. 

Vegval: Følg veg 655 frå Ørsta sentrum mot Sæbø. Ta av til venstre ved Kvistadbrua 3 km vest for Sæbø. Følg grusvegen forbi Ner-Frøland i om lag 1,5 kilometer til du kjem til ein liten parkeringsplass ved Heimsætra. Ta inn på sti som leier deg opp i open skog og over i Bjørndalen vest for Grøtdalstindane. Kryss elvefaret og følg det naturlege linjevalet opp morenerygger til du kjem inn Himmelporten til topprenna, som du følgjer til toppen. Frå hovudtoppen kan ein også gå nordover langs ryggen til Midtre Grøtdalstind.

Nedkøyring: Den vanlegaste vegen ned går same vegen som ein kom opp. Ved gode snøforhold er det mogleg å køyre heilt frå toppen. Hellingsvinkelen er opp mot 40 grader i dei brattaste partia i topprenna. Ein kan også ta sørflanken meir direkte ned mot Ner-Frøland.