Stigning: 800 meter. 

Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. Ein treng vanlegvis stegjarn, isøks og litt sikringsutstyr for å klatre dei siste høgdemetrane frå skaret til toppen.

Farar: Skredterreng under Noklane i 700-800 meters høgd.

Vegval: Gå vestover frå Standalhytta eit lite stykke før du svingar opp forbi nokre berghamrar. Herifrå gir vegen seg stort sett sjølv opp til 800 meters høgd, der ein igjen tek av vest-over mot skaret nord for Fingeren. Snøtilhøva og eigen kompetanse avgjer om du vil klatre heilt til topps, men dei fleste snur i skaret.

Nedkøyring: Følg same vegen ned som opp. Moderat nedkøyring med 30 graders hellingsvinkel på det brattaste. Alternativt kan du renne meir direkte med mot Myklebustsætra, men då må du pårekne litt skog mot slutten.