Stigning: 1100 meter. 

Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

Farar: Orienteringsvanskar i toppområdet ved skodde eller snødrev. Skredfaren er liten om du held deg midt på Blåbreen, men ver merksam på  mogelege sprekker vest på breen og utløpsområde for skred i same område.

Vegval: Følg E39 frå Volda inn til Fyrde i botnen av Austefjorden. Følg veg 655 om lag 2 km ut fjorden på andre sida, før du tek av til venstre på setreveg/bomveg. Dette er den setrevegen som blir først brøytt om våren, og du kan då køyre bratt heilt opp på Skinnviksætra, som ligg 400 moh. Dermed kjem du raskt tett inn på fjella Eidskyrkja og Lisje Eidskyrkja. Ta peiling på Blåbreen og krus oppover den slakke, innbydande lia. Terrenget flatar ut eit lite stykke før du skal opp sjølve breen, som held 25 grader i starten, men som legg seg gradvis inn mot sjølve topp-platået. Herifrå er det om lag 1 km slakk stigning sørover til toppvarden på Eidskyrkja.

Nedkøyring: Den vanlegaste nedkøyringa går same vegen som ein kom opp. På godt vårskiføre kan du kruse heile vegen ned til setra. Men du kan også skråe mot venstre når du nærmar deg flata under breen. Når du stoppar, kan du ta på fellane og følgje ruta som er skildra under, til toppen av Lisje Eidskyrkja.