Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. 

Farar: Skredterreng i sida opp mot Geitfonnegga og orienteringsvanskar på toppryggen ved skodde og snødrev.

Vegval: Frå Oslo køyrer du E6 mot Trondheim og tek av til venstre ved Otta til veg 15 mot Lom og Stryn. Komen nesten over Strynefjellet, tek du av på veg 63 mot Geiranger. Frå Volda følgjer du E39 til du kjem ut av Kvivstunnelen. Ta her av på veg 60 mot Stranda. Køyr om lag 17 km til Hellesylt, der du tek den berømte ferjeturen inn Geirangerfjorden (ferja opnar 1.mai). Frå Geiranger følgjer du veg 63 opp dei bratte og knappe Ørnesvingane og vidare eit par kilometer inn til parkeringsplassen på hovedvegen ved Grandesætra.  Dei ovanfor skildra vegane er vinterstengde fram til eingong i mai månad. Då kan du i staden køyre frå Ålesund, via Sjøholt og Stordalen, ta ferja Linge-Eidsdal og følgje vegen opp til Grandesætra. Ta no på skia og gå nordvestover, under Turvasshornet, og opp sida mot Geitfonnegga. Følg deretter den slakke ryggen heile vegen oppover til toppen av Eidshornet.

Nedkøyring: Du kan enten køyre ned same veg som du gjekk opp eller køyre brattare ned sørsida, ned i dalsøkket mellom Geitfonnegga og Soleihornet, som du følgjer slakt nedover med eit stadig meir spektakulært utsyn over fjorden. Hugs å ta av mot venstre i tida, før du tippar utfor og hamnar i fjorden nokre hundre meter under deg!