Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. Ved hard snø bør ein ha stegjarn og/eller isøks for å gå dei siste 30 metrane opp til toppen av Dyrdalstinden.

Farar: Dersom ein følgjer ryggene opp og ned frå dei to fjella, er skredfaren liten. Men om ein vel nedkøyringar meir direkte ned frå Dyrdalstinden, blir hellingsvinkelen stadig større dess lengre nord ein kjem, slik at ein kjem inn i stendig meir skredutsett terreng. Ein må også vere merksam på skavlar på toppryggen av Dyrdalstinden. 

Vegval: Køyr 2 km forbi skisenteret og parker ved brua som går over Storelva. Gå no flatt innover forbi Pusken sæter, før du tek til på stigninga oppover mot Dyrdalen. Komen opp i Dyrdalen, tek ein inn på sørryggen av Dyrdalstinden, som ein følgjer heile vegen til topps. Dei siste 30 metrane må ein gjerne gå til fots, eventuelt med stegjarn eller isøks.

Nedkøyring: Du kan sjølv velje hellingsvinkel på nedkøyringa frå toppegga til Dyrdalen. Dersom snøforholda er gode og du likar brattare nedfartar, kan du ta av ned mot Dyrdalen relativt tidleg. Vil du ha ein snillare og tryggare variant, kan du halde deg på ryggen som du kom opp, eller i nærleiken av denne, der det er slakkare terreng. Komen ned i Dyrdalen, kan du anten renne vidare ned til Pusken sæter eller ta på fellane att og gå opp på Fokhaugtinden, der hellingsvinkelen er moderat. Alt i alt får du då ein fin rundtur.