Finnes, Bakkedalen og Dukhornet sett frå Kårdalstindane. Foto: Håvard Myklebust.
Finnes, Bakkedalen og Dukhornet sett frå Kårdalstindane. Foto: Håvard Myklebust.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Dukhornet

Frå denne toppen får du ei lang nedkøyring i moderat skiterreng som du seint vil gløyme.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjordområdet
    • Underområde: Kolåshalvøya (Hjørundfjorden)
    • Toppunkt: 1412
    • Høydemeter: 1400
    • Faremomenter: Utløpsområde frå sørryggen. Skredterreng om du vel nedkøyringa til Bondalsbakken.
    • Startsted: Finnes eller Bakkedalen
    • Tid opp/ned: 5 timar frå Finnes. 4 timar frå inngangen til Bakkedalen.
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Lengd: 5 km frå Finnes. 3 km frå inngangen til Bakkedalen.

    Stigning: 1400 meter frå Finnes. 1100 meter frå inngangen til Bakkedalen.

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Farar: Utløpsområde frå sørryggen heile vegen inn dalen. Skredterreng om du vel nedkøyringa til Bondalsbakken.

    Vegval: Følg E39 frå Volda sentrum til du kjem til Kvivstunnelen. Køyr ikkje gjennom denne, men ta av til venstre og køyr til Bjørke. Komen til Bjørke tek du ny venstre til Finnes. Parker anten i nedre eller øvre ende av setrevegen, alt etter snøtilhøva. Komen opp til inngangen til Bakkedalen, tek du nordover gjennom open lauvskog opp til kopen under Dukhornet. Finn no beste linje opp på ryggen, som du følgjer nordover til topps. Utsynet over Hjørundfjorden og mot majestetiske Jakta er rett og slett utruleg.

    Nedkøyring: Nedkøyringa same veg som du kom opp, byr på opp mot 1400 høgdemeter i variert og flott terreng. På optimale dagar med liten skredfare byr Dukhornet også på ei krevjande skilinje ned mot Bondalsbakken. Følg først ryggen eit stykke sørover frå toppen, før du tek vestover og duppar bratt og blått 800 høgdemeter ned store formasjonar mot Bondalsbakken. Vel nedkomen denne flotte sida, sklir og stakar du sørover til du kjem attende til Bakkedalen, som du følgjer nedover mot setrevegen attende til Finnes. Same kva veg du vel nedatt får du ein kjempetur!

    Eit turfølgje på veg opp frå Bakkedalen. Foto: Håvard Myklebust.
    Eit turfølgje på veg opp frå Bakkedalen. Foto: Håvard Myklebust.
    Terje Stokke i klippedropp ned frå Dukhornet.  Foto: Håvard Myklebust.
    Terje Stokke i klippedropp ned frå Dukhornet. Foto: Håvard Myklebust.
    FRIFLYT.NO
    +
    Stig Helset og Sindre Rudi på veg opp mot Lisjedalshornet. Fjella på Rånahalvøya reiser seg på andre sida av fjorden. Foto: Håvard Myklebust
    Turområde

    Hjørundfjordområdet - Kolåshalvøya

    Kolåshalvøya er omkransa av Ørstafjorden/Vartdalsfjorden i vest og Hjørundfjorden i aust. I dette området finn
    Les mer
    Allerede abonnent? Logg inn her

    Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.

    Fri Flyt skriver om heis- og toppturbaserte skiopplevelser som vil inspirere deg til egne turer. Vi gjør grundige tester som gjør at du velger riktigere utstyr. Vi møter skikjørere som lever for livet på snøen – slik som deg.

    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå