Ruta opp og ned frå Svartevatnet. Foto: Håvard Myklebust.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Dalmannshornet

Med utgangspunkt i den høgtliggande fylkesvegen får du her mange gratis høgdemeter gjennom heile vinteren.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Strandafjella
    • Toppunkt: 1476
    • Høydemeter: 950
    • Kilometer: 4
    • Faremomenter: Skredterreng i Vassdalen, frå Tindeskarvatnet opp i Kollskaret og frå Kollskaret opp mot toppflanken.
    • Startsted: Svartevatnet
    • Tid opp/ned: 4 timar
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Turen er likevel nokså krevjande både opp og ned. Til gjengjeld er dette eit av dei høgste og flottast fjella i Sykkylven.

    Lengd: 4 km.

    Stigning: 950 meter.

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Farar: Skredterreng i Vassdalen, frå Tindeskarvatnet opp i Kollskaret og frå Kollskaret opp mot toppflanken. Den bratte renna frå toppen og ned mot Brunstaddalen kan berre køyrast på skredtrygge dagar. 

    Vegval: Vegen til Svartevatnet er skildra under Ytstevasshornet (sjå rute 7.3). Følg elva oppover Vassdalen i nokså bratt terreng til du når Tindeskarvatnet. Gå nord for vatnet og vidare bratt opp i Kollskaret, før du følgjer austsida til topps.

    Nedkøyring: Følgjer du same veg nedatt, får du ei lang og fin nedkøyring i moderat til krevjande terreng. Dalmannshornet byr også på ei ekstrem nedkøyring frå toppen og direkte ned ei stupbratt og lang renne som endar opp i Brunstaddalen. I denne renna kjem hellingsvinkelen opp mot 50 grader, og ho har eit samla fall på nesten 1000 høgdemeter, noko som plasserer ho mellom dei brattaste og lengste rennene i Sunnmørsalpane. Vi gjer merksam på at denne linja berre må køyrast på absolutt skredtrygge dagar utan utglidingsfare og av svært erfarne skiløparar.

    På veg ned mot Kollskardet i fin og lett snø. Roaldshornet i den nære bakgrunnen. Foto: Håvard Myklebust.
    Like før toppen av Dalmannshornet møter du synet av desse tre sunnmørsprofilane. Foto: Håvard Myklebust.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå