Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. Ved hard snø treng ein stegjarn og/eller isøks langs toppegga.

Farar: Skredterreng i Monsterbakken, gjennom heile Skondalen og ikkje minst i Londonrenna, for den som vel det alternativet.

Vegval: Parker ved kraftstasjonen om lag ein kilometer nedanfor høgste punktet på Standaleidet. Gå bratt opp open skog til Nøvedalen/Aklestaddalen. Følg denne slakt innover i om lag ein kilometer, før du sikkar oppover den seige Monsterbakken til toppegga. Gå vekselvis på vestsida og austsida av egga bortover til toppen.

Nedkøyring: På skredtrygge dagar tilrår vi ein overgangstur med nedkøyring til Sæbø sentrum. Gå 50 bratte høgdemeter ned på austsida av toppegga, der du tek på skia og renn ned til skaret over Skondalen. Eit alternativ for den erfarne alpinisten er å følgje følgje vestrenna 50 meter ned frå toppegga, for så å vippe seg over egga mot Lisjedalshornet og køyre i 45 graders helling ned Londonrenna til Skondalen. Komen ned i Skondalen, kan du kruse i nydeleg terreng 700 høgdemeter nedover, før du tek av vestover i om lag 500 meters høgde mot ein liten kolle. Køyr herifrå ned mot Risegardane like nord for Sæbø sentrum. Alternativt kan du ta av austover ved utgangen av Skondalen og følgje Gunnarråsa til fots heile vegen ned til sentrum. Unn deg ein kald drykk på Hotel Sagafjord medan du ventar på skyssen attende til Standaleidet. Ein kan sjølvsagt også gå turen den andre vegen, eller berre returnere same veg som ein kom opp.