Vellesætra. Foto: Håvard Myklebust.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Brunstadhornet

Skituren opp og ned normalvegen på Brunstadhornet er ein topptur av godt gammalt merke.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Rånahalvøya (Hjørundfjorden)
    • Toppunkt: 1524
    • Høydemeter: 1400
    • Kilometer: 7
    • Faremomenter: Skredterreng mest heile vegen til topps og særleg i rennene frå toppryggen ned mot Vellesæterdalen.
    • Startsted: Brunstad
    • Tid opp/ned: 5 timar.
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Lengd: 7 km.

    Stigning: 1400 meter.

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. Ved hard snø vil ein trenge stegjarn og/eller isøks for å klatre dei siste hundre høgdemetrane frå fortoppen til hovudtoppen.

    Farar: Skredterreng mest heile vegen til topps og særleg i rennene frå toppryggen ned mot Vellesæterdalen.

    Vegval: Følg E39 frå Ørsta nordover mot Ålesund. Ta ferja Solavågen–Hundeidvika. Ta av til venstre like etter ferjeleiet og følg hovudvegen mot Sykkylven/Stranda i om lag 24 km til du kjem til Brunstad. Frå Ålesund tek du ferja Magerholm–Aursneset, før du følgjer veg 60 i om lag 17 km til du kjem til Brunstad. Ta av til høgre frå vegen inn forbi bustadfelt og parker ved kraftverket. Følg så vegen vidare oppover til Vellesætra. Frå Vellesætra følgjer du dalføret sørover før du dreiar austover og tek opp Gullmorbrekka til Gullmordalsvatnet. Frå vatnet når du sørryggen som du følgjer til fortoppen. Dersom du vil heilt opp på hovudtoppen, må du no klive ned i skaret og vidare opp til topps.

    Nedkøyring: Returen gir fin-fin nedkøyring i moderat til slakt terreng. Dersom du ønskjer brattare nedkøyring på skredtrygge dagar, går det nokre flotte linjer frå toppryggen direkte ned mot Gullmordalsvatnet. Vi gjer merksam på at dette er linjer som berre må køyrast på absolutt skredtrygge dagar utan utglidingsfare og av svært erfarne skiløparar.

    Flott utsyn sørvestover mot resten av Sunnmørs- alpane frå fortoppen. Foto: Håvard Myklebust.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå