Ei lang rekkje skiløparar på veg opp dei «snille» bakkane mot Urbakken og vidare opp mot Blæja. Foto: Håvard Myklebust.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Blæja-Rånahalvøya

Turen er relativt kort og går i moderat terreng, men returen byr på artig køyring, anten i puddersnø tidleg på vinteren eller på fin kornsnø på seinvåren.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Rånahalvøya (Hjørundfjorden)
    • Toppunkt: 1420
    • Høydemeter: 1100
    • Kilometer: 4
    • Faremomenter: Orienteringsvanskar på toppryggen. Mogeleg sprekker i breen aust for toppen seint på våren.
    • Startsted: Fivelstadhaugen
    • Tid opp/ned: 4 timar.
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Lengd: 4 km.

    Stigning: 1100 meter.

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Farar: Orienteringsvanskar på toppryggen ved skodde eller snødrev. Mogeleg sprekker i breen aust for toppen seint på våren. Dersom du følgjer den nedanfor skildra ruta opp og ned, kan du halde deg under 30 grader, og dermed unngå skredterreng. 

    Vegval: Følg veg 655 frå Ørsta sentrum til Sæbø. Ta ferja Sæbø–Lekneset og hald fram på veg 655 gjennom Norangsdalen og vidare inn Nibbedalen til du ser vertshuset Villa Norangdal på høgre side av vegen. Betal avgift når du parkerer. Vegen gjennom Norangsdalen er ofte er stengd på grunn av skred gjennom vinteren (skilting om dette ved hovudvegen i Ørsta sentrum). Alternativt kan du då følgje E39 frå Volda sentrum til du kjem ut av Kvivstunnelen. Ta her av mot Stranda og følg veg 60 til du kjem til Tryggestad, der du tek av til venstre på veg 655 opp Nibbedalen og vidare til Villa Norangdal. Frå vertshuset følgjer du dalføret vestover heile vegen opp til Urbakken, der du tek nordover og følgjer ryggen til topps. 

    Nedkøyring: Den vanlegaste nedkøyringa går same vegen som ein kom opp. Denne nedkøyringa er moderat, og hellingsvinkelen held seg under 30 grader. Dersom ein har lyst på ein topp til, kan du følgje ryggen vidare nordvestover frå toppen ved å først renne ned mot bandet mellom Blæja og Kårdalstindane. Deretter er det på med fellane og sikking opp mot det store platået på Kårdalstindane. Toppvarden ligg eit stykke vidare inn på platået. Herifrå får du eit absolutt fabelaktig utsyn nordover langs heile Hjørundfjorden som du seint vil gløyme. Returner same veg, og ta gjerne ei natt eller berre ein middag eller ein drykk på det ærverdige Villa Norangdal. Alternativt kan du ta ein rundtur ved å renne i meir krevjande skiterreng ned til Seljereite/Leira ved Storfjorden, men då må du naturlegvis ha skyss attende til Fivelstadhaugen.

    Gaida turlag på veg opp frå Urbakken. Den loddbeine nordveggen på Kvitegga-massivet dominerer bakgunnen. Foto: Håvard Myklebust.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå