Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. 

Farar: Skredterreng i sida opp mot ryggen. Moglege bresprekker utover sommeren og hausten.

Vegval: Frå Oslo køyrer du E6 mot Trondheim og tek av til venstre ved Otta til veg 15 mot Lom og Stryn. Komen nesten over Strynefjellet, tek du av på veg 63 mot Geiranger. Frå Volda følgjer du E39 til du kjem ut av Kvivstunnelen. Ta her av på veg 60 mot Stranda. Køyr om lag 17 km til Hellesylt, der du tek den berømte ferjeturen inn Geirangerfjorden (ferja opnar 1.mai). Frå Geiranger følgjer du veg 63 opp dei bratte bakkane mot Djupvasshytta. Parker langs vegen eit lite stykke før du kjem til hytta, og sikk deg oppover sida mot den lange ryggen, som du følgjer vestover til topps.

Nedkøyring: Finn di linje nedover mot vegen og avslutt gjerne vårskituren med eit stunt på «vannski» i ein av dei små kulpane ved vegen!