Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

Farar: Normalvegen har lite skredutsett terreng. På toppen av Fremste Blåhornet står varden og ei mast heilt på kanten av eit stup, der det dannar seg skavlar om vinteren. Gå derfor ikkje bak masta eller varden!

Vegval: Følg E39 frå Volda sentrum til du kjem ut av Kvivstunnelen. Ta her av på veg 60 mot Stranda. Køyr om lag 17 km forbi Hellesylt, og parker ved grendahuset på Fremste Fjørstad, der du betaler avgift til grendalaget for brøyting av plassen. Følg raudmerka sommarsti gjennom open skog og ta sikte på ein markant hammar oppe i lia, som du skal runde til venstre for. Komen opp på Heimfjørstad-sætra tek du sikte på skaret mellom dei to Blåhorna. Legg gjerne turen innom Heimste Blåhornet (1396 moh.) før du følgjer ryggen vidare bort til Fremste Blåhornet (1478 moh.) Utsynet frå toppen mot Synnylvsfjorden og Geirangerfjella er storslege.

Nedkøyring: Frå toppen av Fremste Blåhornet får du ei nydeleg nedkøyring i flott skiterreng med jamn hellingsvinkel på 25-30 grader heile vegen ned. Det same gjeld frå toppen av Heimste Blåfjellet.