Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. Ved hard snø vil ein trenge stegjarn og/eller isøks for å klatre dei siste hundre høgdemetrane opp egga eller renna mot toppen.

Farar: Skredterreng heile vegen til topps.

Vegval: Følg E39 frå Ørsta nordover mot Ålesund. Ta ferja Solavågen–Hundeidvika. Ta av venstre like etter ferjeleiet og følg hovudvegen mot Sykkylven/Stranda i om lag 21 km til du kjem til Fet. Frå Ålesund tek du ferja Magerholm–Aursneset, før du følgjer veg 60 i om lag 13 km til du kjem til Fet. Følg traktorvegen som går mellom tuna på Fet, opp til det høgste punktet. Sikt deg så inn på ein markert, skogkledt rygg. Ved Høgsætra opnar skogen seg, og ved Fetkollen (900moh.) legg terrenget seg, med Trollkyrkjetindane kneisande oppe til høgre. Ta no først nordvestover på Ljøsabreen og deretter sørover langs egga mot Blåbretinden. Klyv anten til venstre for egga direkte opp på toppen eller gå til høgre for fjellet til du når ei markert renne litt sør for toppen, som du kan følgje til skar og vidare til topps.

Nedkøyring: Følg gjerne same veg nedatt. Det gir ei flott nedkøyring i moderat terreng. Eit spennande alternativ er å renne vestover ned mot Trandalsætra og Trandal, der vi tilrår ein stopp på eksotiske Christian Gard. Merk at logistikken attende til Sykkylven er heller problematisk.