Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

Farar: På denne turen kan du unngå skredterreng, då hellingsvinkelen stort sett er under 30 grader. Men på toppen dannar det seg veldig store skavlar om vinteren. Hald deg derfor nær midten av toppryggen og gå aldri lengre enn til toppvarden!

Vegval: Følg den markerte ryggen like ovanfor toppstasjonen til du kjem opp på Sandfjellet. Ta no nordover i slakt terreng til topps. Utsynet frå toppen mot fjella på andre sida av dalen er nydeleg.

Nedkøyring: Følg same veg attende i flott skiterreng med opp mot 30 graders hellingsvinkel.