For å kome til skisenteret følgjer du E39 frå Volda sentrum til du kjem ut av Kvivstunnelen. Ta her av på veg 60 til Stranda sentrum, så ferje til Liabygda, før du følgjer veg 650 mot Stordalen. Ta av til høgre etter om lag 8 km ved Vad, og følg vegen opp Nørddalen ei knapp mil til skisenteret. Frå Ålesund følgjer ein E136 til Moa der ein tek av på E39 mot Trondheim. Ta av til høgre når du kjem til Sjøholt og følg veg 650 mot Geiranger/Stordal. Frå Stordal sentrum køyrer du om lag 5 km før du tek av til venstre ved Vad. Følg vegen ei knapp mil opp til skisenteret.